Livsfarlig leik med fiendemakt

190 kr

Utgitt 2005
På sitt eige vis og med sitt eige språk fortel Reidun Mellem om andre verdskrigen som var ei tøff tid for dei som budde i Finnmark og i Nord-Troms. Landsdelen var offer for både evakuering og brenning. Folket vart jaga frå heimane sine og mange var tvungne til å reise sørover. Andre klarte å redde seg ved å flykte opp i fjellet. Felles for dei fleste var at dei trong hjelp og omsorg frå andre for å klare seg. Boka fortel mellom anna om ei redningsbragd på Storsteinnes i Lyngen, der mange bidrog til å berge ein tysk soldat, ein desertør fra Salla-fronten i Russland. Forfattaren har sjølv opplevd evakueringstida i Nord-Troms.