Diktsamlinga Vind seglet, min styrmann herjar med Petter Dass. Det har byrja å lukte svidd kjøt av topografiskildringane hans frå 1600-tallet, og hovudpersonen i dikta halar og dreg i kvenske og samiske røter. Det blir det både knutar og kveiler av. Ho prøver òg å finne ut korleis ein nær relasjon kan overleve isolasjon i ein seglbåt til havs. På særeige vis heng alt dette saman.